Vårslepp i Strand

Vårslepp i Strand

Lokalforeninga til Livsglede for Eldre i Strand har vore på triveleg vårtur med bebuarar frå sjukeheimane i kommunen. 

20 bebuarar på Jonsokberget og Tautunet i Strand kommune nytta det fine vårvêret til ein rundtur i nordre delen av kommunen. Det blei stans på garden til Kåre Nordbø med kaffi og kringle – og møte med årets første lam. Seinare møtte dei barna i Eikehaugen barnehage, som gleda alle med påskeliljer og glad barnesong!

Livsglede for Eldre i Strand fekk også med seg fire elevar frå livsgledeskulen Tau ungdomsskule som assistentar. Det var ein fin dag med mykje glede for alle involverte!

Les mer om Livsglede for Eldre Strand