Mandag 13. og tysdag 14. juni laga livsgledeforeninga Livsglede for Eldre Strand til fest på Tautunet og Jonsokberget omsorgsenter.

Sjølv om sola og véret ikkje spelte på lag, var stemningen likevel god. På menyen var det ferske, lokale jordbær frå Idsø, sittetrim med Ramona og besøk av barnehagar. Bekkevegen barnehage på Jørpeland underheldt med dans og sjølskriven song! Dei beste turgjengarane siste året fekk fine premiar frå Saniteten. Livsgledeelevar frå Strand vgs hadde hovudansvaret for dei to sommarfestane.