Livsgledeforeninga Livsglede for Eldre Strand var på høstseglas i Ryfylke 22. september.

 

På stille fjord førte skipper Jon Arne Helgøy båten mellom ryfylkeøyar. Han krydra heile reisa med gode historier, og mange hadde sine minne frå området ein fór framom. Tidligare jelsabu, Fridtjov Thorsen, fortalde om livet på Jelsa og i fjordane i farane tider – og gaida i tettstaden – der kyrkja var sentral. Nytt hotell serverte skikkelig middag med kjøttkaker, ertestuing og tyttebær! Med på turen som assistentar var også elevar frå helsefag frå Strand vidaregåande skule.